Matnyttig
Hjem | Nytt på nettstedet | Om matnyttig.no

12 sveleoppskrifter

Sendt inn av: jardar@nvg.unit.no (Jardar Eggesbø Abrahamsen)

Anita Runde, Ålesund:

  • 3 egg
  • 2 1/2 dl sukker
  • 1 l kulturmjølk/kefir
  • 4 ts natron
  • 1 ts vanlijesukker
  • ca. 600 g kveitemjøl
  • litt majones

Rør egg og sukker saman med ein visp, ikkje eggedosis. Bland natron i ein del av mjølka. Lat det svella litt. Ha so mjølka i egg/sukkerblandinga. Bland mjøl og vaniljesukker i, og legg til ein sprut majones. Rør saman og lat alt stå i minst 1 time før steikinga byrjar.

Ruth Jøsokbakke, Gurskøy:

  • 4 egg
  • 1 kopp sukker
  • 6 koppar kefir
  • 6 koppar kveitemjøl
  • 2 ts natron
  • 1 ts hornsalt

Lat røra svella i 1/2 time før steiking. Må ikkje piskast med miksar.

Oddrun Gjerde Eiskund, Haddal:

  • 2 egg
  • 1 dl sukker
  • 6 dl kefir
  • 5 dl mjøl
  • 2 ts natron
  • 1 ts hjortesalt
  • 1 ts vanlinjesukker

Pisk eggedosis fyrst, bland so resten i rett rekkjefylgd. Dette vert 17-20 sveler.

Steinar Hide, Fiskarstrand:

  • 4-5 egg
  • 250 g sukker
  • 1 l kulturmjølk
  • 25 g smelta margarin
  • 500 g kveitemjøl
  • 1 ts natron
  • 1 ts hjortesalt

Visp egg og sukker. Rør inn kulturmjølk og smelta margarin. Rør raskt inn kveitemjøl (røra skal ikkje vera seig), og til slutt natron og hjortesalt. Svela skal steikjast på varm takke, steikjepanne el.l. Røra skal fresa litt når du heller henne på plata. Snu svela når ho boblar, før røra stivnar. Avkjøl på rist. (Etter Steinar Hide skal dette vera offisiell MRF-svele. MRF = Møre og Romsdal fylkesbåtar.)

Gunnhild R. Vågsæter, Stranda:

  • 3-4 egg
  • 100 g farin
  • ca. 600 g mjøl
  • 1 l surmjølk
  • litt smør (ca. 25 g)
  • 1 barneskei hjortesalt
  • 1 ts natron
Ha surmjølka i ein bolle, bland fyrst i natron og hjortesalt, deretter smelta smør og mjøl. Bland denne røra forsiktig med eggedosisen (egg og farin).

Elin Johannessen, Sykkylven:

  • 1 l kefir (mørk blå)
  • 180 g farin
  • 1/2 kg kveitemjøl
  • 3 egg
  • 2 ts natron
  • 1 ts hornsalt
  • (natron og hornsalt skal løysast opp i varmt vatn)

Pisk egga. Lat røra stå i 1/2 time under lok.

Sølvi Kalvø, Skodje:

  • 3 eggeplommer
  • 1 kopp farin
  • 3 koppar mjøl
  • (pisk saman)
  • 2 koppar kefir vert blanda i
  • 1 ts natron som er utrørt i vatn
  • 3 eggekviter vert piska stive og rørte i til slutt

Sonja Haram Vidnes, Hovdebygda:

  • 3 egg
  • 3 ss sukker
  • 1 dl rjome
  • 1 dl fløyte
  • 50 g bråna smør
  • 1 ts hornsalt
  • 1/2 ts natron
  • 1/2 l kveitemjøl

Steik på begge sider med svak varme.

Evelyn Ness:

  • 3 egg
  • 3 dl sukker
  • 1 l kefir
  • 1 ts natron
  • 1/2 ts hornsalt eller 2 ts bakepulver
  • 8-10 dl kveitemjøl

Pisk eggedosis av egg og sukker, og bland resten til ei tjukk, glatt røre. Steik svelene med éin gong. Legg ca. 2 ss røre på ei takke eller i ei teflonpanne og steik dei lysebrune på begge sider på ikkje for sterk varme. Avkjøl på rist og servér saman med rjome og rørte jordbær eller anna syltety.

Synnøve Slettedal, Sæbø:

  • 200 g sukker
  • 1 ts vaniljesukker
  • (visp til eggedosis)
  • 1 l blå kefir
  • 1 ts natron
  • 2 ts hjortesalt
  • 250 g kveitemjøl

Rør varsamt saman. Ha i litt smør til steiking. Svelene skal steikjast gylne på sterk varme, då vert dei luftige og gode.

Else Kobbevik, Ålesund:

  1. 3-4 egg
  2. 3-4 ss sukker
  3. (pisk til eggedosis)
  4. 1 l kefir (kultur eller cultura)
  5. 2-3 ts natron
  6. ca. 1 kg kveitemjøl

Bland dette i eggedosisen vekselvis. Bland natron i ein kopp med kefir og lat svella ei stund før du har det i røra. Og kanskje litt vaniljesukker til slutt?

Margrethe Tytingvåg, Hopland:

  1. 5 egg
  2. 1 1/2 kopp sukker
  3. 1 l kveitemjøl
  4. 1 ts natron
  5. 1 ts hjortesalt
  6. (bland saman)
  7. 1 ts salt
  8. 75 g smelta smør
  9. 1 l kulturmjølk

Pisk egg og sukker, ha i kulturmjølka, so kveitemjølet, natron, hjortesalt og salt. Ha i smelta smør til slutt.

Hovedretter
Småretter
Supper
Sauser
Tilbehør
Vafler/
pannekaker

Kaker
Desserter
Gjærbakst
Konfekt

Tema:
Kaffe
Nesler

  Matnyttig.no drives av: Nettinfo AS, Dagaliveien 11C, 0776 Oslo Telefon: 22 49 58 30 E-post: nettinfo@nettinfo.no